Fylkesrådmann Rune Haugsdal flankert av fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling. Foto: Hordaland fylkeskommune

Inviter til ope dialogmøte om nye Vestland fylkeskommune.

Arbeidsutvalet til fellesnemnda for nye Vestland fylkeskommune inviterer alle interesserte til dialogmøte om det nye fylket vårt den 29.april. Møtet vert på Stord vidaregåande skule, Saghaugen, kl.17.00

Dette er femte og siste møte dei inviterer til. Nemnda har tidlegare vitja Bergen, Voss, Gulen og Førde. Målet med møta er å få fram kunnskap, og innblikk i utfordringar i fylket, som rører ved den nye fylkeskommunen si rolle som tenesteleverandør og samfunnsutviklar, heiter det i invitasjonen til møtet.

Fylkesordførarane Anne Gine Hestetun(Hordaland) og Jenny Følling(Sogn og Fjordane) kjem til møtet å presenterer visjonane for det nye fylket. Framtidig fylkesrådmann Rune Haugsdal kjem ogso, han vil orientera om korleis den nye fylkeskommunen skal organiserast.

Det vert presentert fakta om utviklingstrekk, resultat frå spørjeundersøking om utfordringar, og innspel frå lokalt hald om viktige tema for felles satsingar framover.

Alle skal få koma med sine innspel om kva akkurat dei meiner bør prioriterast i ein utviklingsstrategi for Vestland fylke.

Arbeidsutvalet ser fram til ein open og konstruktiv kveld. Dei mang tek turen å fortel sine meiningar og ambisjonar for det nye fylket.