– Bruk tida og godt, både til forhandlingar og til folkeopplysing for folk i bygda, og stig på samanslåingstoget før det går i mai 2016. Det er konklusjonen på fylkesmann Lars Sponheim si oppfordring/utfordring til fitjarpolitikarane i ettermiddag.

Sponheim understreka at Fitjar kommune står fritt til å gjere som han vil i denne saka, heilt fram til 2017 då ein kan rekna med eventuell tvangssamanslåiing – i og med at det er stort fleirtal på Stortinget for at fleire kommunar skal slå seg saman.

Seier ein derimot ja til frivillig samanslåing vert ein med på toget som ikkje berre gjev den nye kommunen dei tilskota ein får no, men relativt store statlege tilskot i tillegg – i 20 år framover. Så det kan vere bra å ikkje bli ståande igjen på perrongen!

– Eg hadde ikkje tenkt å seie dette, men om ikkje det skjer samanslåingar på Stord, trur eg at eg må seie at heile tanken med kommunesamanslåing har slått feil, og eg kan seie det same om Sotra, sa Sponheim konkret.

Han vedgjekk òg at han såg for seg Fitjar, Stord og Bømlo som ein slik kommune. – Men her må storesøster vere raus med småbrørne sine. Elles går det ikkje bra, sa fylkesmannen. Han understreka samstundes at det kan gjerast gode avtalar kommunane i mellom før ein seier ja til samanslåing og får ho godkjent gjennom kongeleg resolusjon i mai 2016.

Ikkje så stor forskjell
Sponheim peika òg på tal som syner at det ikkje er vesentleg forskjell på Fitjar, Stord og Bømlo i inntekt per innbyggjar, eller i skule-, pleie- og omsorgstenester. I alle fall ikkje av ein slik storleik at det skulle vere til hinder for samanslåing.

Regionkommunar
Som eit alternativ nemnde Sponheim òg regionkommunar. Det kunne til dømes vere «Kommunen Sunnhordland». Altså ein skikkeleg stor kommune med ansvar for sentrale ting, men der ein og har ein desentralisert del som dei tidlegare kommunene styrer sjølv. Då oppnår ein storkommunen sine føremoner, som innsparte midlar på grunn av ein sentraladministrasjon og fagleg kompetanse, samstundes som ein har den lokale fordelen med at «her kjenner ein kvarandre», i behald.

Ingressbilete: Fylkesmann Lars Sponheim og prosessrettleiar Ole Bakkebø på Fitjar i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt