Det er Finn Ingvar Havnerås i Fitjar Idrettslag som kjem med denne oppmodinga.

Saman med Roald M. Nilsen har han arbeidd i mange år med å setja Fitjar på dommarkartet. Dette er ein svært viktig jobb for fotballen, og i periodar har dei lukkast godt. Men dei må vera på hugget heile tida – fotballen har alltid bruk for gode dommarar.

For nokre år sidan fekk Fitjar IL fram ein dommar som dømte i Toppserien for damer, og endå til fekk med seg ein cupfinale og fleire internasjonale kampar i dameklassen. Signe Kvalsvik Rydland er framleis aktiv som domarrettleiar i Hordaland Fotballkrets, sjølv om ho ikkje dømmer toppkampar lenger.

Finn Ingvar fortel at Fitjar IL i augneblinken har 40 dommarar, av desse er 34 klubbdommarar. Seks dommarar er registrerte mot Hordaland Fotballkrets. Nye dommarar i Fitjar i fjor var Ruben Træet og Rolf Solli.

Hordaland Fotballkrets arrangerer rekrutteringsdommarkurs i Solidhuset laurdag 13. og søndag 14. februar. Fitjar IL treng fleire dommarar, og Finn Ingvar håper at nokon kan tenkja seg å ta kurset.

Kurset kostar 600 kr, som blir betalt av klubben. Du må vera fylt eller fylla 15 år i løpet av det året du skal ta kurset. For meir info og påmelding kan du ta kontakt med Finn Ingvar Havnerås. Påmeldingsfristen er ei veke før kurset.


Det er kjekt å vera fotballdommar – det kan me tydeleg sjå på dette 30 år gamle biletet av Salomon Aarbø, Knut Henriksen og Anders Røyrøy.