Fitjar Idrettslag hadde tillyst fotballdommarkurs på klubbhuset fredag kveld kl 18.00. Dessverre møtte det opp berre to jenter og ingen gutar. Dette gjenspeglar på ingen måte den interessa dommaransvarleg Roald M. Nilsen meinte å ha oppfatta blant ungdommane. Kurset fredag kveld var spesielt retta mot dei som er fødde i 1995. Men kurset kolliderte med treningskamp for 95-laget; derfor møtte ingen av gutane opp.

Roald arrangererr nytt kurs for alle som er fødde i 1995 eller tidlegare tysdag 15. april kl. 18.00 på klubbhuset. Då er det å håpa at mange møter opp. Roald minner om at fotballdømming er ein spennande hobby, der ungdommane kan tena seg nokre kroner, halda kroppen sin i form og utvikla leiareigenskapar.

Les meir på www.fotball.no.