Det er snart klart for Midtfjelletdagen, skriv Ole Bergesen i ei pressemelding.

Ole Bergesen ønskjer velkommen til Midtfjelletdagen laurdag 12. september. Midtfjellet Vindkraft og Fitjar idrettslag har gått saman om dette arrangementet, som blei arrangert for første gong 30. august i fjor. På programmet står motbakkeløpet «Først til mølla», turmarsj, og orienteringsløpet «Møllesprinten». Målet er å dra flest mogleg til fjells og bruka området i vindmølleparken.

Turklassen på 1,5 km startar frå Fitjar Idrettspark klokka 11.00, og går til mølle B12. Folk må møta opp i idrettsparken mellom klokka 10.30 og 10.55 for registrering. Alle er velkomne til å delta på turen, det er ingen tider, berre å spasera roleg eller i det tempoet du ønskjer. Alle som vil gå opp, får deltakarmedalje.

Motbakkeløpet «Først til mølla» er den store styrkeprøven, med premie på 5000 kroner til vinnaren. Det blir fellessstart frå Fitjar Idrettspark klokka 13.00. Oppmøte og registrering begynner klokka 12.00, du kan melda deg på til Ole Bergesen på mobiltelefon 959 75 150 eller mail ole@fkib.no. Løparane vil gå i mål ved mølle B12 ca. kl. 13.20-13.45. Dette er ein skikkeleg kraftprøve, ei løpe med stigning på 350 meter. Dei som var med i fjor, kan bekrefta at det kjennest i beina.

Ved mølle B12, på Fitjarsåto 403 meter over havet, blir det etablert kiosk og stand. Her vil Midtfjellet Vindkraft skipa til aktivitetar for barna og dela ut effektar. Det blir premieutdeling for motbakkeløpet og orienteringsløpet «Møllesprinten», før retur med buss kl. 14.00.

Nytt av året er ein eigen bedriftsklasse. Ole Bergesen i arrangørstaben oppmodar organisasjonar og bedrifter til å stille med lag. Kontingenten per løpar er 200 kr, og lågast samanlagttid for fire herrer eller fire damer blir grunnlaget for premiering. Det blir også mix-klasse med to herrar og to damer.

Dette blir ein kjempedag, lovar Ole Bergesen, som kryssar fingrane for godt vêr og masse folk til fjells.

Personar med nedsett funksjonsevne får køyreløyve opp med eigen bil. Møt opp ved Fitjar kultur- og idrettsbygg kl. 11.00, eller kontakt Ole Bergesen – telefon 941 32 310 eller mail ole@fkib.no for løyve.

Meir informasjon om Midtfjelletdagen finn du på heimesida til Fitjar Idrettslag eller på Facebook.