-Då dei kom inn i barnehagen med melding om at eg er vinnar av frivilligprisen i år, vart eg ikkje berre overraska, men veldig overgidde, mest skjelven, seier Ellen Karoline Hovstad til Fitjarposten.

Torsdag vart det kjend at det er ho som får denne prisen i år, og folk som har budd i Fitjar ei stund, treng såvisst ikkje nokon forklaring på kvifor ho er ein verdig prisvinnar. Å vera til teneste er ein livsstil for denne omsorgspersonen frå Øvrebygda, og omtanke syner ho på ein naturleg måte for menneske i alle samanhengar.  Kor mange har vel ikkje fått eit blomekort med oppmuntrande helsing frå Ellen Karoline?

I samband med at ho får prisen, er det heilt konkret òg nemd at ho har vore aktiv i foreiningsarbeid for både born og vaksne.  I tillegg til det har ho vore ein person Frivilligsentralen har kunne rekna med som besøksven, ein som kan følgja folk til kyrkjegarden, til lege eller på handletur. Ho er vidare med og arrangerer "Kaffistunda" for dei som bur i Havnahuset, og er aktivt med i diakoniarbeidet i Fitjar; for å nemna noko. Frivilligprisen vert offisielt utdelt av ordføraren under ein frivilligfest i Havnahuset 5. desember.

-Eg eg skikkeleg takksam for prisen, men det er ikkje berre lett å ta imot han. Eg gjer berre det som er livet for meg, og det er mange andre som skulle hatt denne prisen framfor meg, seier ho, til slutt. Me har derimot vanskeleg for å koma på ein betre kandidat til denne prisen.