Flått på jakt etter blod....

Det er høgsesong for blåbærplukking. Me tok med oss bærplukkarar, spann og turorienteringskartet, og slo slik to fluger i ein smekk.

Allereie 10. juni skreiv Fitjarposten om Kristian F. Giske som plukka modne blåbær. No finn ein modne bær over alt, i skogane og på fjellet.

Turorienteringssesongen som starta ved påsketider går no mot slutten, og dei som vil ut å leita etter fleire postar har no kun ein månad igjen på seg til det. 1. september, i god tid før hjortejakta tek til, vert desse postane samla inn. Men det er enno tid.

Me tok sikte på post nr. 8, som skulle liggja midt i ein flott blåbærskog. I skogen var det ganske så blått når ein såg etter, og mange tuer til kvar. Me såg ingen andre som plukka bær, berre mange som sykla, sprang eller gjekk til fjels. Men det hadde nok vore andre der før oss, det kunne me sjå. Sjølv om andre hadde plukka og me plukka ein del liter, er det nok fortsatt meir enn nok til alle som har lyst å ta seg bryet med å plukka bær.

Og bryet er det verd. I tillegg til at det smakar svært godt anten ein et dei som dei er, lagar pai, graut, kompott, syltetøy eller saft, så er blåbæra svært rike på flavanoider, som er eit antioksydant. Opplysningskontoret for frukt og grønt seier at blåbær er blant 5 på topp når det gjeld matvarer med mykje antioksydantar. I tillegg vert det sagt at blåbær kan seinke aldringsprosessen og gjera hjernen klarare.

Me fann posten og me fann mykje blåbær. Så ventar ein stor jobb heime. Først må alle kleda av og kroppane saumfarast for flått, som skogen er så full av i desse dagar. Ingen av flåttane har festa seg enno, så det er lett å fjerna dei. Så gjenstår reinskejobben, og det kan ta si tid når ein har plukka med bærplukkar. Så til slutt kjem gleda ved å smaka, røra og fylla fryseboksen med mykje godt blått.

Ynskjer du å veta meir om flått kan du lesa på folkehelseinstituttet si side på nettet:  http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=233&trg=MainLeft_5568&MainArea_5661=5568:0:15,1895:1:0:0:::0:0&MainLeft_5568=5544:58877::1:5570:1:::0:0

Flått på jakt etter blod….