Roger Træet vert rekna for ein av dei aller beste bridgespelarane i bridgekretsen vår. 5 gonger tidlegare har han kvalifisert seg til parfinalen, men denne gongen lukkast han ikkje på bridgefestivalen på Lillehammer.

Norsk Bridgefestival gjekk av stabelen for tiande gong første veka i august. Sidan 2005 har denne årlege massemønstringa vorte arrangert på Lillehammer, og flotte Håkons Hall var i 8 dagar arena for 10 norske meisterskapar og fleire sideturneringar av ulike slag.

Roger Træet har 5 gonger tidlegare kvalifisert seg til finalen NM par, den mest prestisjetunge turneringa. To gonger har utflytta fitjargutar vore makkeren hans, Raymond Nesbø og Inge Kvarven, og tre gonger har Roger henta makker i Haugesundsområdet. I år lukkast han ikkje i krinsmeisterskapen, så einaste sjansen for å kapra ein av dei siste 14 plassane i finalen, var ei kvalifisering på Lillehammer. Men Roger og John Helge Herland frå Stavanger hamna midt på treet, og ingen frå øya fekk vera med blant dei 86 para i finalen.

Det gjekk litt betre med Roger i ei lagturnering (ikkje NM), med 19. plass av 50 deltakande lag. Her spelte han på lag med ein utflytta fitjarbu, Tore Bårdsen, som elles oppnådde ein svært fin 6. plass i NM lag, saman med mellom andre Trond Are Nitter frå Rubbestadneset. Nitter klarte ein heiderleg 20. plass i parfinalen og var såleis den beste lokale spelaren. Bridgefestivalen vart innleidd med NM mix, som samla heile 252 deltakarar. Her låg Inge Kvarven, eks Fitjar, og Eldbjørg Grønnevik, Stord, lenge svært godt an, men enda til slutt på ein heiderleg 105. plass.
 
Alt i alt må den lokale innsatsen få nemninga middels denne gongen.