Ein molo som gå ut fra Aldersheimen og strekkjer seg nesten heilt til moloen på Sjøsio, skal bli som ein blå lagune i Fitjar. Det er ein av visjonane til Fitjar Høgre for å gjere bygda til ein meir attraktiv stad. Illustrasjon: Omega Areal.

Moloen vert heller ikkje berre ein molo. Ein kai for større båtar, sjøbodar, badeplass og mange nye båtplassar ligg òg innanfor visjonen.  

Illustrasjon: Omega Areal

 

Illustrasjon: Omega Areal

 Illustrasjon: Omega Areal

 -Førebels er det berre ein visjon, ingenting er fastsett på nokon måte. Det er slett ikkje sikkert at det heile vert slik som det no ser ut no, om det blir realisert, understrekar ordførar Wenche Tislevoll overfor fitjarposten.no.

-Men me treng å gjere noko for å gjere Fitjar sentrum meir attraktivt, og dette er noko me i åra framover gjerne vil jobbe med, legg ho til. 

Samspel
Dette er sjølvsagt ikkje noko eit parti kan få til åleine. 

-Dette må vere eit samspel mellom kommune, næringsliv, privatpersonar og organisasjonar med omsyn til alt frå planlegging til innspel og økonomi, seier Arne Prestbø til Sunnhordland.

Så får tida syne kva som vert realisert. Men utan visjonar vert som oftast ingen store ting til.

Ein annan spennande visjon fitjarposten har skrive om er visjonen om å byggje opp att gamlekyrkja med mange spennande element rundt den.