Bjørn Haaland vart i dag tilsett som ny rektor ved Rimbareid skule. Han vil ta til i stillinga 1. august etter noverande rektor Siv Grethe Stamnes, som har sagt opp stillinga si.

Haaland veit kva han går til. Etter mange år som lærar, og seinare inspektør ved skulen, kjenner han arbeidsplassen ut og inn.

– Eg måtte likevel tenkje meg litt om før eg søkte. Å seie ja til ein slik jobb berører fleire enn meg. Men eg har fått ein del oppfordringar, både internt og utanfrå om å søkje. Det har gjort at eg har følt meg ønska, seier Bjørn som no har teke imot jobben.

– Kva brenn sterkast med omsyn til jobben du no skal gå inn i?

– Med ny skule og nye lokale er det viktig at me tek i bruk dei mogelegheitene me no har. Som leiar i eit leiingsfellesskap ser eg det vidare som vår oppgåve å serve det arbeidet som går føre seg i klasserommet, sjå framover, tenkje utvikling – og bli betre, seier Bjørn. Han nemner til slutt tre punkt som han som leiar vil setje spesiell fokus på: 1. Kunnskap 2. Humør 3. Struktur.

Skulesjef John Karsten Raunholm seier seg svært nøgd med at rektorspørsmålet no er avklart. Sidan Bjørn Haaland ved å ta til som rektor, sluttar som inspektør, vil ein no lysa ut denne stillnga med det første, slik at både ny rektor og ny inspektør er klare når det nye skuleåret startar til hausten.