For nokre år sidan var Bjørn Bergmann på Fitjar som talar på fellesmøta i Øvrebygda. 16. -18. november kjem han tilbake. Denne gongen til  møtehelg i regi av Menigheten Nytt Liv Sunnhordland.

– Bergmann har reist i fleire titals land og halde leiarskapsseminar og store korstog i over førti år. Store under har skjedd og fleire hundre tusen menneske har kome til tru på evangeliet. Fleire hundre tusen biblar har blitt delt ut til dei nyfrelste, og i fengsel over heile verda.

Bjørn Bergmann og familien har budd tjue år i USA. Der var og basen for Misjonsorganisasjonen GLOBAL OUTREACH. Ein organisasjon som vart starta i 1978. Bjørn sitt vitnesbyrd har vore publisitet i Billy Graham sitt magasin Decisions, og han har vore gjest på 700 Club fleire gonger. Vitnesbyrdet vart spreidd i ein million eksemplar under OL i USA.

Her i Norge er han mest kjent frå Sarons Dal gjennom sommarstemna heilt frå starten. Han bur no med familien sin i Norge, og har møte over heile landet. Bjørn er stadig å sjå på TV-kanalen TV Visjon Norge. Han har også møte rundt om i dei skandinaviske landa.

Bjørn Bergmann har opplevd store og ufattelege ting igjennom åra, og seier: «Apostlenes gjerninger er ikkje ferdigskrivne». Han er ein forkynnar med stor glede og begeistring, og vel verd å høyre på. Møta i helga er på Øvrebygda skule. Alle er velkomne.