Tittelen på temakvelden er «Tid for ettertanke» og han finn stad  i Fitjar Kyrkje torsdag 26. august klokka 19.30. Oskar Stein Bjørlykke vil her fortelja og lesa frå bøkene sine – med litt pianomusikk innimellom.

«Bjørlykke er som kjent frå Fitjar, men er no busett i Oslo. Han er utdanna teolog og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. Produksjonen hans  er stor og mangfaldig. Han skriv tidsbundne bøker som reiser tidlause spørsmål. Om konfliktar mellom tru og tvil, kvinne og mann, tradisjon og modernitet, menneske og samfunnsmekanismar og om konfliktar menneska kan ha om seg sjølv.

Dei siste åra har Bjørlykke gjeve ut bøker som til ei viss grad tek utgangspunkt i biografisk stoff, slik som Prestasvein, Agape og Sally.

Bjørlykke viser ei audmjuk omgang med dei menneska og miljøa han skildrar. Det same gjeld hans omgang med språket som er enkelt og vakkert. Han har motteke ei rekkje prisar. Mellom anna var han  den første som fekk Faltiriltuprisen på Stord i 2007.», skriv Samlaget om han.

– Bjørlykke har ei fin formidlingsevne, og me gler oss til å ha denne varme «Fitjarvenen» på besøk i kyrkja vår på torsdag! Denne kvelden er jo også ein del av jubileumsprogrammet for bygda vår, opplyser Eli Simonsen i Temakveld-nemnda.