Triatlonvinnar Bård Inge Bø stig i land i Vik etter symjeetappa på 270 meter, og er snart i leiinga. Foto Kjetil Rydland.

I år som i fjor kom Bård Inge Bø først i mål under styrekprøven Birken Triatlon, på ny løyperekord, men denne gongen imponerte kanske dei yngste deltakarane like mykje.

Med tida 37,33 sette friidrettstrenar Bø ny løyperekord då han kom først fram til Agnar i Midtfjellet i 18-tida i går. Han var då vel halvtanna minutt føre nummer to, Nina Aarbø Olsen, som dermed vann dameklassen, på tida 39,07. Ho sette òg personleg rekord i den krevjande løypa.

Sjølv om storfavorittane var fråverande denne gongen på grunn av fotballkamp, og andre lada opp til fjellmaraton, var det ein fin gjeng på elleve uforferda sprekingar som kasta seg i vatnet og la ut på første etappe symjing i Storavatnet.

Som i fjor starta konkurransen i strandkanten i Birkelund, nord på Tveita, og grunneigar Christer Stewart Aarbø hjelpte til med å få deltakarane av garde. Han følgde dei i kanoen sin sin til dei gjekk i land i Vik, etter ei symjeetappe på 270 meter.

Dei som imponerte aller mest i går, var ikkje nødvendigvis vinnarane av herreklassen, Bård Inge Bø, og dameklassen Nina Aarbø Olsen. Me la like mykje merke til dei uthaldande rekruttane i friidrettsgruppa, denne gongen representert ved Guro Bergesen (11), Sofie Bergesen Førre (10) og Ole Jakob Wiik (10). Dei sleit seg gjennom alle tre etappane og heilt til topps til B12/Agnar i upåklageleg stil! Sistnemnde utmerkte seg òg med det klårt finaste startstupet i Birkelund.

Med deltakarar, grindagutar og -jenter, padlande livreddar, landbaserte sikkerheitsvakter, heiagjengar langs løypa og logistikkansvarlege, var det eit solid team som også i år, saman med eit nydeleg vêr, var med på å gjere Birken triatlon til ei flott oppleving. Lat oss vona dette blir ein tradisjon!

Guro Bergenen (11) og Sofie Bergesen Førre (10) i fin stil oppover Blekjet, i følgje med manager Per B. Bergesen. Foto: Kjetil Rydland.
Ole Jakob Wiik kastar seg i vatnet i Birkelund. Foto: Kjetil Rydland.
Dei yngste deltakarane hamna litt bakpå under symjeetappen. Foto: Kjetil Rydland.
Nina Aarbø Olsen var klart først i land i Vik, men her jublar ho nok litt for tidleg. Foto: Kjetil Rydland.
Ole Jakob Vik kler seg om før sykkeletappen. Foto: Kjetil Rydland.
Bård Inge Bø har for lengst godt opp i leiinga, og her nærmar han seg Olstjødno i suveren stil. Fot: Kjetil Rydland.