Som første fitjarbu har Kjell Magnar Helland gjennomført og greidd merkekravet på alle tre birkebeinerarrangementa, skirenn 54 km, sykkelritt 94 km og løp 21 km, i ein og same sesong.

Ekstra sterkt var det at han gjennomførte dette som eldste årskull i aldersklassen 45-49 år. Siste etappe gjekk laurdag og var 21 km terrengløp

Etter det fitjarposten.no erfarer er det berre tre eller fire som har gjort det same opp gjennom historia her på øya. Me veit om Audun Fausk, Wilhelm Engelsen og Oddmund Roaldkvam – og kanskje er det ein til?