Rådmann Olaug Haugen og ordførar Wenche Tislevoll fann tonen med jan Kåre Pedersen. Foto: Kjetil Rydland.

Jan Kåre Pedersen blei godt motteken då han presenterte det planlagdde biogassanlegget på eit folkemøte på Fitjar Fjordhotell i går kveld.

Som halvt fitjarbu kom Jan Kåre Pedersen til sine eigne på folkemøtet i går kveld, og skal me dømma etter stemninga, kan me trygt seia at hans eigne tok godt imot han. Om lag 60 positive fitjarbuar møtte opp på orienteringsmøtet i går.

Fitjar kommune vil vera på tilbodssida!

Etter det mykje omtalte møtet med lokalbefolkninga i Sagvåg for ei tid sidan har Jan Kåre Pedersen gjort heimeleksa si. Det same hadde rådmann Olaug Haugen og ordførar Wenche Tislevoll, som kunne presentera ei byggeklar tomt i Årskog for Sunnhordland Naturgass, om dei ønskjer å etablera biogassanlegget sitt i Fitjar.

– Me arbeider for å få fleire arbeidsplassar, og skal vera på tilbodssida, slo ordføraren fast, før ho gav ordet til rådmann Olaug Haugen.

Fitjar-rådmannen kunne fortelja at reguleringsplanen for det aktuelle området i Årskog er klar. Entreprenør K. Volden har planert store areal, og det er klart for framtidige investeringar. Området har stort potensial, med kai og tilgang både frå sjø og land.

– Me håper dette er interessant for dykk! sa ho, og vende seg til Jan Kåre Pedersen og Magnar Aaland, som til saman har aksjemajoriteten i selskapet Sunnhordland Naturgass.

Den «halve fitjarbuen» Jan Kåre Pedersen hadde gjort heimeleksa før han møtte vel 60 ekte fitjarbuar på Fithar Fjordhotell i går kveld.

SNG vil vera nyskapande og levera alternativ energi

Jan Kåre Pedersen presenterte selskapet sin misjon, visjon og verdiar. Dei ønskjer å vera nyskapande og ein leiande leverandør av alternativ energi. Han slo fast at biogass er noko som kjem – og kvifor skal ikkje me gjera dette sjølve?

I Fitjar vil dei kunna henta 60 % av husdyrgjødselen som dei treng til råstoff frå lokale bønder. I tillegg vil dei ha enkel tilgang på fiskeavfall frå oppdrettsnæringa i området

- Annonse -

– Dette må vera betre enn å senda båtar med død fisk til Danmark, sa Pedersen, og minte om klimaeffekten av gjødsel frå jordbruket: Det luktar ikkje!

Onsdag kveld var Pedersen på folkemøte på Moster, og der blei han like godt motteken. I tillegg har dei og fått tilbod om tomt på Eldøyane. Derfor har dei tre alternatv, og det er framleis heilt ope kva lokasjon dei bestemmer seg for. Styret vil ta ei avgjerd før det er gått to veker, etter at det har blitt halde folkemøte på Stord om eventuell etablering på Eldøyane.

Teknisk ekspertise på lukt og eksplosjonsfare

Harry Leo Nøttveit frå ingeniørselskapet Nærenergi orienterte om risikoen for gass og eksplosjon. Han slo fast at dei har kontroll på tryggleiken, og meinte han kunne ta ned skrekkscenarioet:

Me held oss til regelverket – selvfølgelig!

Karina Ødegård frå SINTEF Molab har i regi av COWI utarbeidd luktrisikovurderinga som er ein del av ROS-analysen. Ho vedgjekk at det vil førekomma luktutslepp. Men ho slo fast: – Det er lite sannsynleg at du vil oppleva lukt frå anlegget!

– Dette er eit hyggeleg anlegg, samanlikna med det i Rådalen, meinte Ødegård.

Ønskjer biogassen velkomen!

Responsen frå forsamlinga var i det alt vesentlege positiv. Dei aller fleste ønskte biogassanleget velkome til bygda. Blant tilhøyrarane var mange bønder, som kan sjå fram til å få møkka si tilbake frå anlegget luktfri og meir næringsrik enn ho var då dei leverte ho inn.

– Og no kan me endeleg sjå fram til luktfri konfirmasjon i mai! slo formannskapsmedlem Sigurd André Maraas fast.

Dei nærmaste naboane, Einar og Ragnar Breivik, uttrykte uro over luktproblemet. Dette meiner både utbyggjaren og luktrisikospesialist Karina Ødegård at dei har kontroll på.

– Me veit kva som har skapt luktproblem andre stader, sa Ødegård, og me veit kva me skal gjera med det!

Jan Kåre Pedersen la til: – Me tar det alvorleg, og prøver å gjera dette skikkeleg!

I tillegg til Sigurd André Maraas nytta politikarane Arne Prestbø og Roger Nesbø høvet til å leggja inn eit godt ord for Fitjar kommune. Det same gjorde produksjonssjef Åsmund Sørfonn ved Fitjar Mekaniske Verksted.

– Me kan ikkje seia nei til så mange spanande arbeidsplassar, sa Sørfonn, og la til at Fitjar kommune har vore super for bedrifta på Sveiseneset.

Mottakinga i Fitjar er svært så positiv, men det gjenstår altså å sjå kva lokalisering selskapet bestemmer seg for. Det skjer rundt 1. november, og då vil det gå slag i slag, fram til oppstart på anlegget 1. juni 2020.

Harry Leo Nøttveit frå Nærenergi orienterte om risikofaktorar ved utbygging av biogassanlegg. Foto: Kjetil Rydland.
Harald Bukkøy t.h. såg ut til å vera rimeleg fornøgd med svara han fekk. Foto: Kjetil Rydland.
Som nærmaste fastbuande nabo uttrykte Einar Breivk uro over faren for lukt. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

 

Yngstemann i lokalet, 21 år gamle Joakim Strand, var udelt positiv til at me vil bli spart for møkkalukta. Foto: Kjetil Rydland.