– Eg har hatt fantastiske kundar innom bilverkstaden i tjue år, seier Nils Arne Tufteland, når han no set kroken på døra.

Når verkstaden stengte nyleg, skuldast det ikkje mangel på oppdrag. – Nei, seier den bilinteresserte osternesingen, det har andre grunnar. Eg har jo tenkt at eg ville slutte med bilverkstaden om ikkje altfor mange år, men hadde problem med å finne ei god løysing for alle dei gode kundane mine som då ville stå utan verkstad i nærmiljøet.

Vidare understrekar Nils Arne at han stod framfor dyre investeringar i utstyr viss han skulle drive nokre år til i Osterneset. Difor syntest han at Torgeir Lyssand (Lyssand Bil AS) sin idé om å overta verkstaddrifta og flytta ho til Fitjar sentrum er eit svært godt alternativ. Verksemda skal drivast vidare under same namnet Auto Service. – Det trengst ein moderne og framtidsretta bilverkstad i sentrum, seier Nils Arne, og der eg skal arbeide som teknisk leiar. Han gler seg til å jobbe berre med bilar og sleppe administrative oppgåver. Bilreparatør har Nils Arne vore i førti år; først hos J. Teigland AS, seinare Helland Bil og så Fylkesnes. Sistnemnde fortener ros for oppmuntring då tanken om eigen verkstad dukka opp, og firmaet spanderte flygeblad som vart sende ut i posten. Det vart også gitt høve til ein prøveperiode med to dagars arbeid i firmaet og tre dagar i nystarta bedrift heime i Osternes. Dessutan skulle det vere ope for å kome attende til Fylkesnes viss Nils Arne fann det ønskjeleg.

Kundane kom trass i kronglete veg
Me spør kvifor Nils Arne satsa på verkstad «utanfor allfarveg», slik ein journalist uttrykte det for 20 år sidan. Smal og svingete veg med snø og is om vinteren kunne gjere det vanskeleg , men svaret er enkelt. – Eg var litt lei av å pendle og det virka spennande å drive for seg sjølv. Naudsynte søknader om godkjenning gjekk glatt i gjennom hos kommunen og Statens Vegstell, ja alle instansar var positive til etableringa. Nybygget rett nedom bustaden på Tufteland stod klart i 1994, med løftebukk og mykje verkstadutstyr frå eit konkursbu. Kundane kom av seg sjølve, jungeltelegrafen virka godt, meiner Nils Arne. Som nemnt reparerte han bilar på heimebane tre dagar i veka det første halve året. Seinare vart det meir enn fulltidsarbeid i eigen verkstad og trong for leigehjelp. Arne Skumsnes vart med som fast bilmekanikar på slutten av nittitalet, og dei siste åra innleigd periodevis. Bilverkstaden er ikkje stor, gir plass til to oppstilte bilar samtidig, men det har aldri blitt vurdert å utvide. 

Mange ulike arbeidsoppdrag
Arbeidet som er utført i verkstaden desse tjue åra gjeld blant anna faste servicar, dekkskift og skifting av slitedelar. Me undrast på om det vart mykje venting på delar som måtte bestillast, men det skapte ikkje problem, seier Nils Arne. – Eg var medlem av Mecakjeda. Varer som vart bestilte før klokka ni om morgonen, kom med eigen bil til verkstaden i tolvtida. Då EU-kontroll av bilar vart innført på slutten av nittitalet, auka arbeidsmengda monaleg. Det førte til dyre, men nødvendige investeringar for å bli godkjent kontrollør. Nils Arne fortel om nokså travle periodar på verkstaden frå påske og fram til sommarferien. Då skulle bilane sjåast over før folk la ut på sine mange og kanskje lange bilturar. Om hausten var det og veldig god tilgang på arbeid, men ikkje spesielt tidspress då. Den ihuga bilreparatøren i Osterneset har eigentleg aldri mangla oppdrag.

Stor trivnad i arbeidet
Nils Arne vil ha fokus på kor godt han har trivest som bilreparatør og uttrykkjer stor takksemd for tillit og godt samarbeid med kundane gjennom alle år. Det gjeld personar frå heile Stord-øya, ja overraskande mange av dei kom frå Leirvik, og nokre trufaste austevollingar. Utflytta fitjarbuar stod lenge på kundelista. Mang ein kunde leverte bilen på verkstad og nytta ventetida til ein tur i det vakre nærområdet, anten til Tuftelandsfjellet, Stokksneset eller Tveitevågen. Nils Arne ymtar frampå om verdens beste kundar. – Det var aldri eit vondt ord å høyre om utført arbeid, seier han, og heller ikkje problem å få betalt for jobben.

Kona Eldbjørg blir ikkje «med på lasset til Fitjar». Ho har vore ein trufast støttespelar heilt frå starten. Frå no av slepp ho å skrive ut fakturaer og ta anna kontorarbeid. Nils Arne legg til at mengda av kontorarbeid har auka opp gjennom åra. Då me var på besøk i verkstaden, kom Eva Pernille og Johannes Tufteland innom med blomar og gode ord, som ein synleg takk for godt naboskap og godt bilstell. Me skjønar det slik at gode tilbakemeldingar på utført arbeid har det vore mange av opp gjennom dei tjue driftsåra. For eiga rekning legg me til at mang ein fitjarbu har sett pris på kort veg og rask ekspedering når bilen trong ei overhaling og minnest den vesle, oransje leigebilen som var tilgjengeleg tidlegare år.