Ein bil kom utfor vegen med det eine hjulparet og mista kontrollen. Det skjedde ved Jektevik rundt kl 7.30 i dag tidleg.

–Bilføraren var ålene i bilen. Han vart køyrt til Stord sykehus for behandling. Ikkje alvorleg skada, skriv operasjonsleiar Agnar Martin Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt i politiloggen.

Om ikkje sjåføren fekk alvorlege skadar, er dei materielle skadane på bilen karakterisert som store.