Mange hadde funne vegen til Biblioteket i ettermiddag, og det var ikkje berre folk frå Fitjar.

Karvel Strømme brenn for Island og har enorm kunnskap om landet der mor hans vart fødd. Som 11-åring kom han Island for første gong. Seinare er dei ikkje teljande alle turane han har tatt til Sagaøya. Han har og gått i bresjen for at mange i Sunnhordland skal få oppleve landet, gjennom utallige gruppereiser. Karvel ivrar for å formidle frå eit land som nordmenn ikkje har god kjennskap til, meiner han. Island er ikkje berre eit land med naturkatastrofer og kriser. Det fekk me sjå og høyre via dei mange flotte bileta og alt som vart fortalt. Fleire av dei frammøtte nikka gjenkjennande etter kvart som bileta kom opp på skjermen, og kanskje nye får lyst til å melda seg på ein tur til Island ?

Bibliotekar Elin Siglen takka Islands-entusiasten og gav han ein fin blomsterbukett, og så kunne alle nyta ein kopp kaffi med noko attåt.

Tre dagar tidlegare i veka var Karvel Strømme invitert på Eldretreff i Øvrebygda. Også der skapte han interesse for grannelandet vårt i Nord.