Bjørg Strømme forærte nyleg tre bilete til Fitjar bu- og behandlingssenter. – Dette betyr mykje for bebuarane, seier pleiarane.

Dei var i det heile svært takknemlige, sjukepleiar Tone Wilhelmsen og hjelpepleiar Gunn Kvernenes, over dei tre vakre akvarellene som no skal prega veggene på bu- og behandlingssenteret. – Ei svært kjærkommen gåve. Me har mange nakne, kvite veggar som treng utsmykking, og bebuarane set stor pris på bilete, seier dei til fitjarposten.no.

– Eg fyller snart 70, og tenkte eg ville gje bort noko, og då måtte det jo bli til bu- og behandlingssenteret, seier den glade gjevaren, multikunstnaren Bjørg Strømme. På måndag reiser nordover til Rørvik. Her er ho invitert til å vera med som utstillar under «Skreifestivalen» som startar 14. mars.

Klart for basar

I slutten av månaden er det elles klart for den årlege basaren på Fitjar bu- og behandlingssenter. Som biletet syner er allereie mange gevinstar komne på plass.