Tom Erling Kårbø jublar over førsteplass i "Først til mølla" i 2018. Foto: Kjetil Rydland.

Hundrevis gjester trekte til fjells på laurdag, då Midtfjellet Vindkraft baud inn til fest med tilskipinga av Midtfjelletdagen.

På plassen ved mølle B12 var det etablert kiosk med gratis grillpølser, kaffi, saft og kaker. Alt spandert av Midtfjellet Vindkraft. Bak den glovarme grillen stod dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft, Erik Mortensen, saman med den gamle ringreven Johannes Koløen.

Saman med Fitjar Idrettslag hadde kraftselskapet laga til ei rekkje aktivitetar, spesielt for dei små. I området like ved fekk dei yngste prøva seg på ei lita orienteringsløype i området like ved.

Frå sponsoren Sparebanken Vest stilte banksjef Arve Havnerås opp med staben sin. På lykkehjulet kunne små og store prøva lykka, men den største premien Arve hadde på lur denne gongen, var billettar til ein fotballkamp med FK Haugesund. Billetten går til den som tippar rett resultat i heimekampen til helga.

Dagens store premie på laurdag gjekk til Steffen Vinje, som fekk ein gratis tur til topps i mølle B12. Steffen Vinje hadde aldri vore til topps i ei vindmølle før, og fekk ei luftig oppleving. Alt i trygge former med godkjent sikkerheitsutstyr og i følgje med Andreas Danmo frå Nordex.

Etter kvart som turmarsjdeltakarane begynte å koma i mål frå Fitjar Idrettspark, trekte det minst like mange oppover frå Olstjødno, anten til fots eller med skyttelbussen som Fitjar Idrettslag sørgde for. Ved målpassering fekk alle turmarsjdeltakarane medalje frå arrangøren. Og fleire hundre var samla i målområdet for å gi dei raskast motbakkeløparane ein varm velkomst. Medan me venta, stod ordførar Wenche Tislevoll for den offisielle opninga av Midtfjellet Vindkraft, Fase III.

Før eit entusiastisk publikum kunne ta imot dei 46 konkurrentane i «Først til mølla». Populær vinnar blei Tom Erling Kårbø, som sprang inn til ny løyperekord. Torstein Tengsareid frå Egersund har vunne før, men var ikkje sterk nok då dei nærma seg siste sving. Sjølv ikkje norgesmeisteren i halvmaraton, Senai Fissehatsion Føls frå Tjalve, greidde å halda Kårbø sitt tempo på slutten.

Men sistnemnde lova å koma like skarpskodd tilbake til neste år, saman med terrengspesialist Michael Ande Tesfamichael frå BUL. Det same gjer me. Midtfjelletdagen har alt blitt ein tradisjon!