Torhild Andersen og Tone Koløen kan allereie planleggja Fitjarfestivalen neste år etter at boden deira blei kåra til årets beste. Foto: Kjetil Rydland.
I føremiddag var det gudsteneste i teltet, og Fitjarfestivalen blei avslutta klokka 15 etter at det blei servert den lekraste festivalmiddag.
Søndag føremiddag var det tradisjonen tru festivalgudsteneste på kaien, med sokneprest Roald Drønen som forrettande prest.
Stemningsfull gudsteneste i teltet i dag. Foto: Kjetil Rydland.
Den flotte skipsklokka var på plass, og det same var musikantane Terje Træet, Heine Bernt Helland og «allestedsnærværende» Harald Rydland. Forsongar og solist Tom Rydland avslutta gudstenesta med «Over the Rainbow», som han song minst like fint som Judy Garland.
Stian Hatlevik t.h. nølte ikkje mykje før han begynte å rigga ned. Foto: Kjetil Rydland.
Straks siste middagsgjestene hadde svelgt siste biten av sausakjøtet, begynte nedrigginga. All ryddinga er nok ikkje ferdig enno, men me som slepp å vera med på den, kan sjå tilbake på minnerike dagar i sterkt varierande vêr på den nylagde asfalten. Om ein tar vêr og føreforhold i betraktning, må nok besøket under Fitjarfestivalen seiast å vera svært bra.
Me vil tru dei fleste kjem att til neste år, og vonleg vil fangstane i havet vera betre då. Om ikkje alle har høve til å koma tilbake, er me rimeleg sikre på å sjå igjen Torhild Andersen, Tone Koløen og Tor Gunnar Andersen. I skarp konkurranse med Fitjar Gardsmat blei nemleg Hogste Gardsmat sin bod utropt til den beste under årets festival. Dermed kan dei stilla opp gratis til neste år.
Her kjem eit par bildegalleri frå folkelivet under Fitjarfestivalen 2019.
Fiskevegar Vidar Larsen smiler tappert sjølv om fangstane som kjem inn frå fiskefelta er små. Foto: Kjetil Rydland.
Redaktør Jonas Sætre sikrar seg tilbakemelding frå lesar Anita Aarbø. Foto: Kjetil Rydland.
Lars Ove Rimmereid tek over Fitjar fjellsameige. Arkivfoto: Kjetil Rydland.
Glade gutar med raude roser, Eirik Martin Eide t.v. og Knut Inge Drønen. Foto: Kjetil Rydland.
Oddvar de Fine i Fitjar Gardsmat. Arkivfoto: Kjetil Rydland.
Svein Arild Kjærland og Røde Kors var på plass frå festivalkaka blei spretta, og kan gle seg over små og lite alvorlege skadar i helga. Foto: Kjetil Rydland.
Alltid smilande Karin Korsvik ser ut til å lika seg på festival. Foto: Kjetil Rydland.
Sjørøvarskuta til Åge Stokken har lagt til kai. Foto: Kjetil Rydland.
Festivalen kunne vore heldigare med vêret. Foto: Kjetil Rydland.
Ein smilande John Arvid Skumsnes presenterte bilete i «Banken». Foto: Kjetil Rydland.
Engesund Fiskeoppdrett var på plass med info og smaksprøvar av blant anna tare! Foto: Kjetil Rydland.
. Arkivfoto: Kjetil Rydland.
Terje Koløen blir verande på Fitjar og i Herjedalskjøkken sjølv om ha tek meir ansvar i Frelsesarmeen. Foto: Kjetil Rydland.
Stian Torland reklamerer for organisert sykkeltur til Paris. Foto: Kjetil Rydland.
Tregnomen Håkon Nes demontrerer trygge teknikkar. Foto: Kjetil Rydland.
Fitjar Racing Team var på plass og elde lodd på den flotte bilcrossbilen. Foto: Kjetil Rydland.
Ungdomstemaet «Laget», skal få unge arbeidsledige i jobb, men NAV Fitjar legg ikkje skjul på at koronaen har sett ein midlertidig...
Personvern
Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.
Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.
Naudsynte informasjonskapslar bør alltid vera aktivert slik at me kan hugsa dine innstillingar.
Dersom du deaktiverer desse informasjonskapslane, så vil me ikkje kunne lagre innstillingane dine. Det betyr at du må setje opp innstillingane kvar gong du besøker sida vår.