Juniorane Jonas Koløen Lønning og Gisle Aarbø representerer Fitjar Racing Team under opninga av bilcrossesongen i Bergen til helga.

Sigurd André Maraas i racingteamet fortel at dei to juniorane frå Ovbygdo er meir enn klare for ein ny sesong bak rattet. Laurdag føremiddag kl. 10.00 blir det full gass på Eikås motorsportsenter i Bergen. Banen ligg i Åsane, like ved E39, og skal vera eit supert motorsportsanlegg.

Arrangør er NMK (Norsk Motor Klubb) Bergen, og det er duka for vestlandsmeisterskap i BC, kvalifiseringsløp til landsfinalen BC junior og første runden i NMK Bergen Meisterskapen. Det er ope for klassene BC, BCJ, RCN og RC. Sigurd André reknar med det blir full fres når dei våryre førarane ristar av seg rust etter vinterdvalen, og går laus på årets første løp her på Vestlandet.

Dei to ungdommane har nytta vinteren til å gjera bilane sine klare, og forventningane er store. Gisle Aarbø har bygt opp ein ny bil i løpet av vinteren, ein gammal Sierra. Under panseret har han ein endå eldre motor; den har ein gong i tida stått i ungdomsbilen til far hans, Gaute Aarbø. Då den gamle Taunusen blei skrota, tok dei vare på motoren, og etter 14-15 års stillstand har den gamle motoren fått eit nytt liv i løpsbilen til Gisle. Motoren er på to liter, og har nok rundt 130 hk å sparka frå med. Jonas Lønning på si side har brukt vinteren på å vri nokre ekstra hestar til ut av sin Volvo 240. Opp mot 120 hk bør han nok ha fått ut av motoren på 2,3 liter.

Begge gutane seier at B-finale – i alle fall – er målet i sesongens første løp. Men Sigurd André er meir optimistisk; han meiner dei absolutt bør klara å komma seg til A-finalen. Så då er det berre å kryssa fingrane for at det er nok krefter under panseret.