I dag gjekk den tradisjonelle damedagen av stabelen i Vikedal med god deltaking; to av dei sporty damene kjem frå Fitjar.

Fitjar Racing Team markerte seg godt på damedagen til NMK Vikedal i dag. To av dei 40 damene som deltok, er frå Fitjar.

Elise Tufteland kom på 3.-plass og var på pallen i klassen for dei som har kjørt damedag før, eller er aktive i konkurranse.

Hanne Emilie Helland kom òg heim med pokal, for «bemerkelsesverdig kjøring».

Elise Tufteland fann seg godt til rette i Vikedal.