Her blir Ole Lønning slegen på målstreken, og misser heatsigeren og direkte kvalifisering til B-finalen. Foto: NMK Vikedal målfoto.

Tre mann frå Fitjar Racing Team deltok i andre og siste runde av vestlandsmeisterskapet i bilcross, som gjekk av stabelen i Vikedal sist helg, utan at nokon av dei opplevde den store suksessen.

Det var juniorane Benjamin Hall, Julian Helland og Ole Lønning som representerte Fitjar Racing Team under den andre og siste runden av årets sterkt forkorta vestlandsmeisterskap i bilcross. Som venta var det sistnemnde som gjorde det best av dei tre.

Staute gutar på plass i Vikedal i helga, f.v. Ole Lønning, Benjamin Hall og Julian D. Helland. Foto: Kjersti Nordtveit Bunes.

Ole Lønning har fylt 18 år, og køyrer i år sin siste sesong i juniorklassen. Han kjempa lenge om ein plass i B-finalen, men eit lite hestehovud skilte han frå førsteplassen i 7. kvalifiseringsheat, og dermed måtte hen ein tur nedom C-finalen.

Denne vann han, og kom seg til B-finalen. Men her blei det punktering, og då gav han seg. Han hadde så lite å kjempa for at han ikkje ville pressa den yttarst varme motoren meir. Dermed blei det 11.-plass i Vikedal denne helga, og 6.-plass totalt i årets vestlandsmeisterskap. Eit resultat han seier seg brukbart fornøgd med.

Sjølv om Ole er ferdig i juniorklassen, er han ikkje på nokon måte ferdig i bilcrossirkuset. Han er fast bestemt på å ta kampen opp mot dei vaksne bilcrossarane til neste år. Volvoen held ein sesong til, sjølv om motoren – eller motorane – visst nok er kraftige saker av eit anna fabrikat.

Ein original motor i ein slik Volvo som Ole køyrer, er på 110 Hk, og det er svært dyrt å trimma ein slik. Då er det betre å bruka ein motor av eit anna merke og få over 50 hk meir – og kanskje endå litt til om du «chippar» motoren.

Her blir Ole slept av banen i Vikedal. Foto: Frode Bunes.

Julian Helland fekk køyrt det einaste offisielle løpet sitt for sesongen, og seier seg godt nøgd med helga. Som den einaste Fitjar-føraren denne gongen fekk han gjennomført alle sju heata. Det gjekk greitt heilt fram til den siste omgaongen, men då kom han ut i lausgrusen og blei pressa mot autovernet, og miste ein klar andreplass i heatet. Dermed gjekk han glipp av ein plass i B-finalen.

Julian syntest det var kjekt å visa at han kunne kjempa jamt med dei litt meir erfarne juniorane. I eitt av heata tok han starten, men han brukte for lang tid på å gira, og dermed raste dei andre bilane forbi. Dette er nok byrjarvanskar som Julian vil kvitta seg med ganske snart. Og ein ting er 15-åringen sikker på:

– Eg skal fortsetja, men eg må få større motor! Og det er pappa (Håvard Helland) som må skaffa den!

Julian Helland (183) i aksjon i Vikedal. Foto: Frode Bunes.

For tredjemann frå det lokale racingteamet blei det ikkje så mykje køyring denne helga. Etter at Benjamin Hall hadde rulla rundt på søndag, var ikkje bilen han køyrbar. No har Benjamin mykje godt vinterarbeid, før bilen er klar til neste sesong.

Til våren håpar Benjamin – til liks med Ole og Julian – å sleppa seg laus på racerbanen igjen. Det same gjer fleire av dei meir rutinerte førarane frå Fitjar Racing Team. Mykje er naturlegvis avhengig av korleis kornapandemien utviklar seg.

– Me følgjer spent med, slik alle andre gjer! seier ein håpefull nestor i racingklubben på Rydland, Ole Vidar Helland.

Benjamin Hall i farta i Vikedal, før han rulla rundt og skaffa seg mykje godt vinterarbeid. Foto: Frode Bunes.
Fitjar Racing Team på plass i depotet i Vikedal. Foto: Kjersti Nordtveit Bunes.