Ein personbil landa på taket etter ei utforkøyring ved innkøyrsla til SIM ved 12.30 tida i dag. Føraren var ei 23 år gamal kvinne. Lukkelegvis vart ingen skadde. -I følgje Haugesunds-Avis.no har bilen har nok hatt for stor fart i forhold til veg og køyreforhold. Bakhjulet mista veggrepet, bilen fikk ein sladd, og utfor vegen bar det.  Føraren skal ha prøvd ei kontrollert utforkjøring, men ho feilberekna kor djup grøfta var, og bilen hamna på taket. Dei to i bilen vart frakta med ambulanse frå staden, men som nemd skal ingen skal ha kome særleg til skade. Det er ingen mistanke om ruskøyring.