Ein persolbil med ein kvinneleg bilførar på 34 år køyrde utfor riksveg 545, i Hungersdalen, 2 km sør for Fitjar sentrum i retning Sagvåg, i ettermiddag. Operasjonsleiar Harald Myklebust i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser til fitjarposten.no at politiet fekk melding om utforkøyringa kl. 15.25 i ettermiddag. Kvinna, som var åleine i bilen skal ha fått ein smell i hovudet, men var bevisst. Ho vart henta av ambulansen og køyrt til sjukehuset på Stord for rutinemessig røntgenundersøking.