Ein bil tok fyr og vart utbrent etter møtet med hjorten på E39 måndag morgon. Foto: Fitjar brann og redning

To køyretøy måtte tauast vekk etter påkøyrsel av hjort like sør for Sandvikvåg.

– Éin bil har køyrt éin veg og treft ein hjort som så vart slengt i motgåande køyrefelt der han trefte ein annan bil. I samband med dette har det oppstått brann i det eine køyretøyet. Denne brannen er sløkt no og begge bilane må tauast.

Det seier operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt, Jøran Solheim, til Stord24 like før klokka 07:00.

Ingen personskade

Ulukka vart meldt av Politiet i Sør-Vest på Twitter klokka 06:33 måndag morgon. Politiet fekk melding om hendinga klokka 06:22.

E39 vart stengt i begge retningar, like sør for Sandvikvåg ferjekai.

Har oppretta sak

Ikkje før klokka 08:17 vart det meldt av politiet på Twitter at bilbergar er på staden og at trafikken blir dirigert forbi.

Ein halv time seinare blir det opplyst at vegen er rydda og at politiet har oppretta sak.

– Det er oppretta sak grunna brannen i køyretøyet. Det blir alltid oppretta sak når det har vore brann. Det er rein rutine, informerer operasjonsleiaren.