Klokka 14.27 i dag fekk politiet melding om bil som skulle ha køyrt i sjøen ved Langenuen, Stord.

Vel ein halv time seinare vart det meldt at det ikkje hadde vore folk i bilen då han  køyrde på sjøen. – Bilen vert trukke på land med traktor eller annan eigna reidskap, heiter det i politiloggen for Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.