Ein mann i 60-åra sovna truleg bak rattet på veg mot Sandvikvåg på E39. Det førte til at bilen han køyrde hamna i fjellveggen ved Raunholm. Til all lukke vart mannen berre lettare skada.

Det er eit vitne som køyrde bak mannen som har fortalt at bilen la seg meir og meir over til motsett side av vegen, før den bokstaveleg talt møtte fjellveggen.
Ingenting tyder på at bilen har hatt for stor fart. -Det ser meir ut til at mannen har sovna eller fått eit illebefinnande, melder politiet.