Ein bil køyrde i fjellveggen sør for Svartasmoget i dag tidleg. Til all lukke vart føraren ikkje skadd. Bilen vart totalvrak. -Det var kl. 8:50 i dag at politiet fekk melding om hendinga.  Ambulanse vart rekvirert, og politiet kom til plassen og snakka med bilføraren, ein mann i 20 åra. Men han var altså, etter det politiet kjenner til, ikkje påført skade, melder operasjonsleiar Johan Inge Særsten i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.