Ein bil køyrde ut av vegen og inn i ein fjellskrent på Raunholm tidleg i dag.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 06.40.

-Det skal ha vore to personar i bilen, men det er ikkje meldt om personskade, opplyser operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Trond Olav Friberg, i politiloggen.

Det er meldt om glatt vegbane på staden.