Politiet. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Ingen blei skadd i trafikkuhellet.

Klokka 16.40 måndag ettermiddag fekk politiet melding om ein bil som haldt på å velta utanfor ein skråning i Vestbøstadvegen på Fitjar.

– Det var to personar i bilen då uhellet skjedde, melder politiet.

Ingen av dei skal ha blitt skadd.

Brannvesenet kom først til staden.

– Det framstår som eit oppdrag for bergingsbil, melder politiet.

Det blei etter kvart klart at uhellet skjedde i samband med ein passering av to bilar. Politiet tok rutinemessig ein promilletest av sjåføren av bilen som nesten venta, men denne gav ikkje utslag.