Bibliotekarane på Stord og Fitjar var fredag 29. september samla til seminar på Fitjar folkebibliotek.

Her diskuterte dei mellom anna felles bokinnkjøp og samtalte om Fantysylitteraturen, eller fantastisk litteratur, som ein etterkvart er begynt å kalla han på norsk. Etter lunsj fekk dei vitjing av forfatteren Rolf Enger som innleia til vidare samtale om dette emnet.