Fredag går startskotet for bibelveka arrangert av Fitjar sokneråd i samarbeid med Det norske bibelselskap. Eit variert innhaldsrikt program for alle aldrar.

Opninga av veka skjer i Fitjar kultur og idrettsbygg førstkomande fredag. Alle er hjarteleg velkomen når Ordførar Wenche Tislevoll opnar utstilling ”Sennepsfrøet – Bibelen fortalt fra Kasakhstan” kl. 17.30. Det blir enkel servering og innslag ved elevar i musikkskulen under opninga. Vandreutstillinga til Bibelselskapet med bilete av den kasakhstanske kunstnaren Nelly Bube vert berre vist 5 plassar i Noreg. Det er absolutt å anbefala å ta ein tur innom for å sjå dei ikoninspirerte bileta. Utstillinga i kyrkja og i FKIB vil vera open alle kvardagar i neste veke frå 15.30-20.00 , sjå elles opningstidspunkta i kalenderen på Fitjarposten.

Same kvelden inviterer Fitjar sokneråd til Ole Paus konsert i Fitjar kyrkje. Ole Paus er nok kjent for dei fleste, og me trur at dei som går på konserten vil få ei minnerik oppleving.

Sundag ettermiddag er det kyrkjelydsfest på Fitjar bedehus. Alle er hjarteleg velkomen til fest med Henrik Syse som hovudtalar, seier Fitjar sokneråd. Henrik er norsk filosof og er tilsett ved Institutt for fredsforsking. Han blir omtala som ein person som med sin humor og sin varme engasjerer publikum.

Soknerådet ønskjer også alle velkommen til temakveld med Anne K. Aasmundstveit på torsdag i neste veke. Ho vil fortelja frå Salomos Høgsong, og det vil bli musikk ved Aasmund Kaldestad og Irene Simonsen.

Fredag kveld blir det konsert retta mot ungdom. KRIK-live, eit band frå Oslo held då konsert i kultursalen. Sjølv om konserten er spesielt for ungdom er han sjølvsagt open for alle.

Toralf Nørdbø, kanskje meir kjend for figuren ”Han innante”, skal ha ei førestilling på Fitjar Bedehus laurdag kveld.

Når det i tillegg er tre gudstenester i denne veka skulle det vera noko for ein kvar smak.