Tidlegare Mali-misjonær og bibeloversettar Ketil Vestbøstad kjem til Fitjar bedehus søndag 5. oktober.

Ketil Vestbøstad, med aner frå Fitjar, har saman med resten av familien vore misjonærar i Mali for Det norske misjonsselskap.

I november 2006 fekk fulaniarane i Mali Det nye testamentet på Maacina-fulani. Etter det tok dei til med å oversetta det gamle testamentet, og dette har Ketil arbeid med. Han fortel at då han skulle testa fulanioversettinga av Josef-historia frå 1. Mosebok på fulaniarar i Nigerdeltaet var det ingen tvil om at historia både vart forstått og verdsatt. Bibeloversetting er eit møysommeleg arbeid som byr på mange utfordringar, og Ketil hadde på det tidspunktet ikkje fått avslutta heile historia, og dette uttrykte tilhøyrarane klar missnøye med. Dei meinte det var dårleg gjort å la dei måtta venta med slutten heilt til neste gong han kom på besøk.

No er Ketil og familien i Noreg, men han jobbar fortsatt med Bibeloversettinga samstundes som han har teneste her i landet. På søndag kan du få møta Ketil og høyra han fortelja om det spennande arbeidet han har vore ein del av i Mali. Ketil vert med på søndagstreff på Fitjar bedehus kl. 16.00, der han både skal ha andakt og fortelja om misjonsarbeidet i Mali. På dette treffet er folk i alle aldrar frå heile bygda velkomne. Det vert og song og musikk på møtet, og servering av kaffimat. Kollekten går til Det norske misjonsselskap, som Ketil Vestbøstad jobbar i.

Kjelde: www.nms