Joakim Malkenes Fitjar og Ronald Skår må sjå kampen ebba ut med 0-1 og 0 poeng. Foto: Kjetil Rydland.

A-laget tapte 0-1 for BI Bergen i fredagens seriekamp på graset i Fitjar Idrettspark, mot eit lag som var eit lite strå kvassare enn det unge heimelaget.

Dei to laga spela ein jamn førsteomgang, med gjestene frå Bergen som det beste laget. BI Bergen hadde nok eit aldri så lite overtak, trass i ein sur motvind. Men dei spelte seg ikkje til særleg store sjansar.

Marius Helland Storebø hadde ikkje sin beste dag, og her blir han stoppa av BI Bergen-kapteinen Nils Marius Vikman Skjæveland. Foto: Kjetil Rydland.

Den største sjansen før pause hadde nok Daniel Skarpnes etter ein halvtimes spel. Men skotet gjekk «mot normalt» til side for BI-buret.

I andre omgang fortsette kampen med eit lite overtak for BI Bergen, og det var ikkje uventa at dei tok leiinga 1-0 etter eit kvarters spel. Fitjar greidde ikkje å klarera ein corner, og Herman Bauge lurte ballen i mål via stolperota frå kort hald.

Fitjar spelte seg til fleire sjansar etter kvart. Men alt i alt var det fullt fortent at gjestene frå BI Bergen kunne ta med seg alle tre poenga. Dei viste seg som eit bra lag av spelarar med gode individuelle ferdigheiter, og det nok ikkje tilfeldig at dei ligg heilt oppe på tredjeplass på tabellen i 5. divisjon avd. 02 Hordaland.

Fitjar verka noko redusert i kveldens kamp, og stilte med ein reservebenk full av konfirmantar. Ein av dei som skal konfirmerast i morgon, er Joakim Malkenes Fitjar. Han spela nesten heile kampen, og viste seg som ein lovande ungdom. Elles var prestasjonane på det jamne hos Fitjar sine beste menn.

Kanskje hadde prestasjonen blitt betre om fotballgruppa hadde gjort litt meir med ramma rundt kampen. I kveld var flaggstonga naken, og ingen speaker var å høyra. Dette skaper ei stusseleg stemning som ikkje lokkar fra det beste i våre beste menn.

Fitjar – BI Bergen studentidrettslag 0-1 (0-0)
Fitjar Idrettspark fredag 10. mai kl. 19.30
Seriekamp 5. divisjon avd. 02 Hordaland
Dommar: Charles André Gjessing Whiteley, Kalandseid IL
Publikum: 60

- Annonse -

Mål: 0-1 Herman Bauge (61.).

Gult kort: Marius Helland Storebø (79.), Fitjar; Herman Bauge (73) og Aleksander Walstad (90.), BI Bergen.

Fitjar sitt lag: Ruben Træet, Emil Sæterbø Fitjar, Ronald Skår (Brynjar T. Engelsen 80.), Helge Myrmel Træet, Torbjørn Korsvik, Kristian Træet, Leif Tore Nesbø Aarland, Svein Arne Jordan Raunholm, Daniel Skarpnes, Joakim Malkenes Fitjar (Eirik Træet 87.), Marius Helland Storebø.

Joakim Malkenes Fitjar spelte sin første A-kamp frå start, og ser ut til å vera ein lovande ungdom. Foto: Kjetil Rydland.