– Prognosane med omsyn til tilskot barnehagane varierer frå år til år. 2012 er ein bølgjedal i så måte. Men prognosane for 2013 ser lovande ut. 

Det er skulesjef John Karsten Raunholm som seier dette i ein kommentar til at Fjellheim Friluftsbarnehage reagerer sterkt på reduksjonen i kommunal støtte for 2012. – Dette gav òg tidlegare skulesjef Eidvin Aase signal om, legg Raunholm til.

Raunholm opplyser at Fjellheim barnehage i 2011 fekk eit tilskot på rundt 4,2 millioner kroner. For 2012 ser det ut til å bli rundt 3,8 millionar. Også Årskog barnehage får redusert tilskot i år. Når det gjeld Bakken barnehage er det meir vanskeleg å samanlikna tala, sidan dei har fått ei ny avdeling i år.

– Det er sjølvsagt ei utfordring at tilskota varierer frå år til år. Difor vil eg kalla inn styrarane i dei private barnehagane til orientering om dette første veka i oktober. Kanskje eigarane òg, om det er ønskjeleg. Men det eg allereie no kan seie er at 2013 vert eit mykje betre år enn 2012. Då ligg det mellom ein og to millionar ekstra til fordeling mellom dei tre private barnehagane i Fitjar.

John Karsten Raunholm gjev elles klart uttrykk for at det er viktig for han at ein finn ei god løysing på denne saka. – Ingen ønskjer nedlegging av Fjellheim Friluftsbarnehage. Barnehagen vert driven svært godt med høg grad av trivsel, seier han til slutt.

– Det er hyggjeleg at det blir meir pengar i 2012, men for oss er situasjonen slik at det blir utruleg vanskeleg å klare hausten, så eg vonar inderleg at me i lag med kommunen klarer å finne ei god løysing allereie i haust, kommenterer styrar i Fjellheim friluftsbarnehage, Anne Karin Nilsen, til fitjarposten.no.