Ein del forandringar kan diskuterast, men Håkonarspelet 2007 er uansett den næraste, tettaste og mest dramatiske utgåva me har sett av "Kongen med Gullhjelmen".

Kampen mellom gamal og ny tru er komen meir i bakgrunnen. Likeeins kristningskongen Håkon den Gode sjølv. Og sjølv om lyden til hovudaktørane var kjempebra, var det vanskeleg å få tak i teksten når koret song. Såleis kom ein del av handlinga i stykket dårlegare fram enn tidlegare.

Når det er sagt, må det og seiast at dramaturgisk dette det beste Håkonarspelet på Fitjar – ever. Scenene er mykje meir levande enn før, alle på scenen er mykje meir til stades i det dei gjer  enn tidlegare, og heilskapen vert såleis mykje meir spennande – heilt i frå første scene.

Glimrande skodespelarprestasjonar var det òg. Me vil gjerne skryte av alle hovudrolleinnehavarane. Det har vi òg gjort før. Og dei som har vore med tidlegare, gjorde slett ikkje nokon dårlegare figur denne gongen. Tvertimot. Mykje er heilt strålande.

Av dei nye rolleinnehavarane synest me Roald Drønen kom godt i frå det som Tord Hordakåreson, og Jens Tore Kvalheim Larsen gjorde ein god figur som Bjørn Kvite.
Derimot er med ikkje sikkert på at den nye regien Kisping har fått, er noko ein bør behalda, dei heile blei for overdrive, synest me. Men Håkon Sæbø som broder Jatmund, likte me godt.

Dei som imponerte oss mest av dei nye, var likevel Kristian Asbjørnsen som Bjørn Svarte, og Silje Fjøsne som Tora Kongsdotter. Førstnemnde har så absolutt alt som skal til for å fylle denne krevjande rolla, og sjeldan har me opplevd sorga over å ikkje få den ho hadde kjær så truverdig og takande som i Silje si tolking av Tora når ho skjønar at ho ikkje kjem vidare med den saka.

Elles likte me svært godt at det heile vart framført i Kultursalen, og ser ikkje det heilt store behovet for å framføre det i parken, i alle fall ikkje før me har ei skikkeleg, permanent utescene.