Brannvernet i Fitjar vil bli endå betre. Dei har no starta opp internt kurs i førstehjelp for å verta betre rusta ved utrykking. Dette kjem innbyggjarane i Fitjar til gode.

Mannskapet i Fitjar brannvesen nyttar mykje av fritida si på å halda seg oppdatert. No har dei starta kurs i førstehjelp for å stå endå betre rusta når dei må rykke ut.

Leiaren for kurset, Johan Nilsen, fortel at dei har ein godt utrusta redningsbil. Den er ofte først på ulykkesstaden og mannskapa må kjenne seg trygge på korleis dei skal handtere skadde personar.

– Det er ikkje slik at me skal overta for ambulansepersonellet, men sidan me gjerne er først på plassen, kan me vera med å redde liv om me kjenner og trener på grunnleggjande prinsipp for førstehjelp, fortel Johan Nilsen. Det vil bli kursdagar kvar månad framover i tillegg til vanlege brannøvingar.

At brannvernet disponerer hjartestartar og hurtiggåande båt, gjer det mykje meir aktuelt å rykke ut til andre oppdrag enn berre brannar. T.d. er hjartestans, gasslekkasje og bilulukker aktuelt.

– Det er ikkje lenger nok å berre kunne nytte det tekniske utstyret brannvesenet har, ein må og kunne hjelpe skadde personar på staden, seier Johan Nilsen. Han legg og til at det er ein lærevillig og ivrig gjeng som er med i Fitjar frivillige brannvesen.