For fjerde året på rad arrangerte betjeninga på sjukeheimen basar til inntekt for sansehagen. Og det vart smikkande fullt, både med folk frå heimen og folk utanfrå.

Sist fekk dei inn nærare 20 000 kroner på denne måten, og det er ikkje grunn til å tru at resultatet blir dårlegare i år. Snarare tvert imot. Sansehagen er i det heile blitt til på denne måten, ved gåver og basarinntekter.

Institusjonsleiar Kari Skumsnes fortel at dette er noko betjeninga har stått for på eigenhand, og mykje fritid har òg gått med. Dei har bakt, strikka, sydd og hekla. Og som ei av dei sa det: -Viss me får problem med å bli ferdige til basaren. Får me ta natta til hjelp!

Men det mangla ikkje på noko – verken på gevinstar eller mat.

Borghild Tverderøy var ei av dei som vann. Foto: Håkon C. Hartvedt

- Annonse -