Betelskipet Elieser 6 kjem til Fitjar og Meierikaien førstkomande tysdag.

Det vert møte om bord om kvelden med tale av misjonssekretær Truls Nygård og song av Fitjar Musikkforeining. Mannskapet vil òg ta del. I tillegg vert det enkel servering og lynutlodning.

Elieser 6 er spesielt knytta til Fitjar på den måten at folk frå Vik-Sandvik AS gjorde dugnad på teikningsarbeidet då båten vart utvida i 1996/97.

Det er 109 år sidan det første Betelskipet var teke i bruk. Skipa har i alle år vorte brukt som flytande fiskarheim, og er framleis på plass der fiskarane er i fiskerisesongen.