Hundeførar Jan Ståle Damås stråla saman med schæferen «Black Boo» etter at hunden hadde klart både runderings- og sporingsprøva til Norske Redningshundar Midtfjellet i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt.

Runderingsprøva går ut på at hunden skal finne ein person berre på menneskelukt medan hundeføraren hjelper han til å gå systematisk til verks. I sporingsprøva vert det lagt ut fire forskjellige gjenstandar frå same person i terrenget på ein strekning av 1 km. Så er det opp til hunden å finne flest mogeleg av dei og markere ved kvart funn.

Under prøvene i dag deltok fire hundar på runderingsprøva. To klarte prøva. To Ikkje. I sporingsprøva klarte to av tre oppgåva.

Men for å bli godkjent og sertifisert som redningshund må hundane klare begge prøvene. 

– I tillegg må me ha ei vekes praksis med forskjellige scenario, seier Jan Ståle Damås som håpar å få gjort dette i veke 31. Då først vert «Black Boo» sertifisert. – Eg har alltid likt hund, men dette er første gong eg har hatt eigen hund til slik prøve, men eg har vore med i Røde Kors i 20 år, smiler han.

Smiler gjer òg dommarane Alexandra Reksten og Frode Sjovatsen og prøveleiar Gunnhild Enes frå Stord. Godt nøgde med at to hundar klarte begge prøvene. «Black Boo» – og «Frost» med eigar Tom Selstø.

F.v. Tom Selstø med «Frost», Alexandra Reksten, Gunhild Enes, Frode Sjovatsen og Jan Ståle Damås med «Black Boo». Foto: Håkon C. Hartvedt

Med i Nepal
Gunnhild Enes fortel at Norske Redningshundar deltok i samband med jorskjelvkatastrofen i Nepal der dei fann ei kvinne i live etter fem dagar. Då snakkar me om hundar som har fått tilleggsutdanning til å bli katastofehundar.

Ein annan viktig kategori er lavinehundar, som vert nytta i samband med skred.

Elles har redninghundar vore brukt i redningsaksjonar både på Fitjar og Stord.