Åtte deltakarar frå Fitjar-friidretten var med på Mailekene helga som var, og Tone fekk bestemannpremien for sigeren på 80 meter hekk.

Tone Sandtorv Brakedal (15) pressa inn ein 80 meter hekk før konfirmasjonsselskap på søndagen, og gjorde ein fin figur med klar siger og tida 12,60 i sidevinden. Det var ikkje noko perfekt løp, men likevel nok til bestemannspris på stemnet.

Natalie Steien (11) ser ut til å verte vår neste hekkekomet. Sjølv om passeringa over siste hekken, og stegfeil rett før, sendte henne ned fire plassar på resultatlista, lovar tida 13,13 på 60 meter hekk at dette kan gå veldig mykje fortare ved neste høve. Ein 6.-plass er uansett svært bra i dette selskapet! På 60 meter sprang ho inn til tida 10,34 i motvind, noko bak pers.

Marius Torbjørnsen (11), Anna Sandvik Bø (10) og Linnea Vestbøstad (10) viste alle at Fitjar også kan bite frå seg på mellomdistansen 600 meter. Alle sprang flott disponerte løp med sugande sluttspurtar, der dei plukka mange plasseringar. Alle sette klare personlege rekordar:

Marius med 2.02,67 og 4.-plass, 24 hundredelar frå pallen.
Linnea med 2.11,52 og 6.-plass av 18 deltakarar.
Anna med 2.11,77 og 7.-plass av 18 deltakarar.

Desse tre hoppa også lengde. Anna med ny pers på 2,95 m. Linnea strekte seg til 2,83 m, medan Marius oppnådde 3,29 m.

Marius kom i tillegg heilt til finalen på 60 meter i den skarpe konkurransen. Her stupte han inn til 10,19.Dette er den offisielle bestetida hans på 60 meter, sjølv om medvinden var ørlite over det tillatne med 2,2 sekundmeter (2,0 er høgste lovlege).

Rekruttane Bjart (7) og Johannes Sandvik Bø (8) og Eirik Torbjørnsen (9) markerte seg fint på 60 meter og i lengde. Eirik nådde nest lengst av alle (46 stk) med 3,02 m i lengde, medan Johannes var kjappast på sprinten i sitt heat med 11,61.