Samarbeidsrådet har kåra Bjarte Dalland sitt bilete frå Siggjo som vinnar i andre kvartal.

2015 er Friluftslivets år, og i det høvet har Samarbeidsrådet for Sunnhordland invitert til konkurranse der ein skal kåra årets det beste turbiletet i Sunnhordland. Det vert kåra ein vinnar i kvartalet som går vidare og kan verta kåra til årets bilete.  

Vinnarbiletet i første kvartal blei teke av Kjetil Skjolde frå Tysnes. Med biletet frå Siggjo har Bjarte Dalland, som er busett i Stavanger, meldt seg på i kampen om årets bilete.

– Juryen har i si vurdering lagt vekt på at biletet syner liv, turglede og fin natur, bra komposisjon, klare fargar og god bildekvalitet, skriv Samarbeidsrådet for Sunnhordland i ei pressemelding.

Juryen består av ordførar Ruth Eriksen i Sveio, informasjonssjef Simon Knutsson Sortland i Bømlo kommune, leiar i Stord/Fitjar Turlag, Gerda Øen, og dagleg leiar i Samarbeidsrådet, Gro Jensen Gjerde.

Samarbeidsrådet vil kåra to vinnarar til, ein for tredje og ein for fjerde kvartal 2015. Så du har framleis sjansen til å vinna konkurransen om årets beste turbilete i Sunnhordland. Meir informasjon om konkurransen kan de lesa her.