Responsen på fotokonkurransen til Fitjar Sommarguide har vore over all forventning. Premievinnarar er no kåra.

Svært mange flotte bilete har kome inn, så å velje ut vinnarbiletet, og dei andre som får premie, har vore ei tøff oppgåve.

Me enda opp med å velja å sjå på augneblinken og sommarstemninga som kjem fram i dei einskilde innsende bileta.

Premierte vinnarar:

1. Knut Berge Aarbø (iPod)
2. Svein Nøttveit (t-skjorte)
3. Salomon Aarbø (t-skjorte)
4. Karina Raunholm (t-skjorte)
5. Sissel Christensen (t-skjorte)

I tillegg til bileta som er premierte her, vil alle bileta me brukar, eller kjem til å bruka, få tilsendt flaxlodd.

Elles: Tusen takk til alle de som sende inn bilete. At det var så mange som gjorde det var kjempeoppmuntrande for oss.

Sommarguide fotokonkurransen vert sponsa av varehuset Larsen!