Responsen på årets sommarguide-fotokonkurranse var god. Premievinnarar er no kåra.

Me fekk inn svært mange flotte sommarblinkskot, så å velje ut vinnarbiletet, og dei andre som får premie, har ikkje vore lett.

Me valde å sjå på augneblinken og sommarstemninga som kjem fram i dei einskilde innsende sommarbileta.

Premierte vinnarar:

1. Ingrid Kvernenes Misje (Jensen Media:Link 7002 – 7″ bærbar DVD-spelar med 2 skjermer.)
2. Bjørg Strømme (t-skjorte)
3. Birgit Hobæk (t-skjorte)
4. Knut Berge Aarbø (t-skjorte)
5. Ingrid Kvernenes Misje (t-skjorte)

I tillegg til bileta som er premierte her, vil alle bileta me har brukt i sommarguiden, eller kjem til å bruka i sommarguiden, få tilsendt flaxlodd.

Elles: Tusen takk til alle de som sende inn bilete. At det var så mange som gjorde det var kjempeoppmuntrande for oss.

Sommarguide fotokonkurransen vert sponsa av varehuset Larsen!