Fitjarbu og banksjef på Stord gler seg over at Sparebanken Vest for tida har beste fastrente i landet.

Frå onsdag 28. mai set Sparebanken Vest ned 3-årig og 5-årig fastrente på utlån til 3,50 % og toppar med dette Finansportalen si oversikt over dei beste fastrentetilboda. Dei følgjer vidare opp rentenedsettinga på Bustadlån for Unge frå april med å tilby eit godt rentetilbod og til andre kundar. 

– I utgangspunktet passar fastrente for dei aller fleste kundane. Men spesielt for kundar med høg belåningsgrad, som til dømes dei som er i etableringsfasa og som gjerne har både bustadlån og studielån, kan det være føremålstenleg å ha oversyn på kva ein skal betale framover, seier banksjefen for Stord og Fitjar, Arve Havnerås.

Få nordmenn bind renta
– Under 10 % av alle norske bustadlån er fastrente
. Det er noko særnorsk ved å ikkje binde renta. I andre skandinaviske land har dette vore mykje meir vanleg. Nordmenn er opptatt av at rentebindinga skal vere lønsam og er i mindre grad opptatt av å sjå framover. Eg anbefaler ikkje fastrente som spekulasjon der målet er å slå banken og rentemarknaden generelt. Men med dagens historisk låge rentenivå, kan det vere eit greitt tidspunkt for å binde renta på bustadlånet sitt og samstundes vite kva ein skal betale kvar månad dei neste åra, avsluttar Havnerås.