Jesper Traberg og resten av Stord Elite tok med seg Haslum til Fitjar for å gjera opp om poenga. Trass i at dei spelte ein god handballkamp, blei det eit tomålstap.

 TrenarJesper Holm venta seg ein tett kamp, og han meinte at han hadde oppskrifta på korleis kampen skulle tippast i Stord sin favør.

– Me ventar at Haslum vil kontra på oss, difor blir det viktig å komma oss heim. Det er også viktig for oss å stressa dei i forsvarsarbeidet vårt slik at dei ikkje får til spelet sitt. I angrep ønskjer me å kontra, slik at me ikkje må stå og kjempa mot forsvaret deira.

Kampen starta godt og etter fem minutt leia Stord 3-2, og trenar Holm delte ut skryt til spelarane; «Fint angrepsspel!» var beskjeden frå trenaren. Då klokka viste ti minutt hadde kampen snudd, og resultattavla viste 3-5 til gjestane, og Holm tok timeout. Det gav resultat. I tillegg henta keeper Michael Søgaard fram dei eine fantomredninga etter den andre resten av omgangen, og han hadde mykje av æra for at det til pause stod 12-11 til Stord. Det hjelpte også å halda landslagsprofilen Erlend Mamelund borte frå nettmaskene til matchuret hadde passert 15 minutt.

Andre omgong var Haslum det beste laget og utover klarte dei å halda seg eitt mål og to framfor Stord heile vegen. Med ti minutt att var Haslum heile fire mål framfor og ein ny timeout måtte til for å samla laget. Fem minutt seinare var leiinga knappa inn til eitt mål under, på stillinga 20-21. Men ei utvisning i sluttminuttane gjorde at Stord måtte gambla og ta ut keeper for å få seks utespelarar. Det gjorde at dei nesten klarte å halda tritt heilt inn, men det blei til slutt eit litt trasig tomålstap (22-24).

Etter kampslutt var trenar Jesper Holm eigentleg nøgd med kampen.

– Eg må seia at me hadde litt stolpe ut i andre omgang.  Me lir også litt under at me ikkje har så stor stall, og kreftene tar slutt på tampen. Eg synest me spelar ein god kamp, og hadde fortent eitt poeng. Men ein periode spelar me litt for individuelt og brenn litt for mange sjansar. 

Bakerst stod keeper Mikael Søgaard så godt at kampsponsor Fitjar Kraftlag kåra han til den beste stordspelaren. Også trenaren var nøgd med keeperen sin, og roste han for redda fleire hundreprosentsjansar, men legg til: – Det var litt optimistisk å tru at han skulle klara å redda alt.

– Også Jesper Traberg legg ned ein stor innsats i dagens kamp?

– Ja, me drar store vekslar på han i forsvaret vårt, og det er den type innsats han legg ned kvar kamp for oss, skryt Holm. I tillegg blei Traberg også Stord sin toppskårar med sine seks mål.

– Kva er den største plussen  frå denne kampen?

– Sjølv om me kjem bakpå, klarar me å henta oss inn att. Me slost som eitt lag, og eg synest at me til tider spelar fin handball i dag.

– Kva er det største minuset i dag,?

– Me har for mange brente sjansar. Men dei tidlegare tapa me har hatt har ikkje vore så mykje å byggja vidare på, men i dag var det mykje bra.

 

Viktig å visa seg fram

Til vanleg spelar Stord sine heimekampar på VIkahaugane, men å skifta ut den vanlege heimebanen syntest Holm var eigentleg eit godt tiltak.

– Dette er ein fin hall, og det er viktig for oss å visa oss fram. Me ønskjer å vera eit lag for heile øya, og ikkje berre den eine delen, for å seia på den måten, fortel Holm, som legg til at han og laget har blitt svært godt tatt imot og alt blei lagt til rette for at også Fitjar skulle kjennast som heimebane for handballherrane i kvitt..

 

Ingressbilete: Jesper Traberg kjempa, sleit og skåra kampen igjennom, men det blei til slutt eit tap mot Haslum.