Fitjar-jentene i 15-årsklasssen kjempa jamt med motstandarane sine i søndagens seriekamp, men måtte til slutt bita i seg eit firemålstap mot Fyllingen 2.

Heimelaget såg lenge ut til å kunna vinna dagens heimekamp mot Fyllingen 2. Fem minutt før pause leia Fitjar-jentene faktisk 10-6, og fleire med oss såg for oss ein lenge etterlengta siger. Men motstandarane skjerpa seg kraftig på slutten av første omgang, snudde kampen, og kunne gå til pause med leiing 11-10.

Andre omgang blei nokså jamn, heilt til det nærma seg slutten. Laga følgde kvarandre til 17-17, før bortelaget tok over. Dei avslutta andre omgamg på same måten som den første, og kunne innkassera ein så klar siger som 21-17.

Trenar Jan Åge Tislevoll sa seg rimeleg fornøgd med dagens kamp, sjølv om den enda med tap. Her var framgang å spora, meinte trenaren, og det var ikkje vanskeleg å vera einig med han i det.

Fitjar sitt lag (mål i parentes):
Solveig L. Fitjar (keeper)
Malene Lussand (1)
Solveig Liarbø
Amalie Korsvik (11)
Janne Vågen (2)
Jeanett H. Rasmussen (1)
Jannike Korsvik (1)
Hanne Tveita
Marthe V. Nordfonn
Helene Rimmereid (1)
Tiril B. Stegane