Handballdamene til Fitjar IL hadde serieleiaren Gneist 2 i kne, og leia lenge, men måtte til slutt tola tap 24-26.

Handballjentene leverte årsbeste, og dei unge, veltrente Gneist-jentene møtte mykje sterkare motstand enn dei hadde venta på Fitjar onsdag kveld.

Det var gjestene som opna best, og kom tidleg opp i ei 3-målsleiing. Storscorar Solveig Angell fekk gjera som ho ville, og scora mykje frå langt hald. Men etter kvart fekk Fitjar-keeper Lisa Folkedal meir hjelp av forsvaret sitt, og skota blei pressa ut eller redda.

Rundt 10 minutt før pause gjekk Fitjar opp i leiinga, og var ei stund oppe i ei firemålsleiing mot serieleiarane. Det var ikkje ufortent at dei kunne gå til pause med 16-14, etter det beste spelet me har sett av dei i år.

Andreomgangen blei like jamn, og laga veksla om å ha leiinga heilt til sluttminutta. Her hadde gjestene mest klaff, og sleit seg til siger 26-24 til slutt.

Toppscorar for Fitjar i kveldens kamp blei midtback Randi Thorland med ni mål. Ho var nok og Fitjar sin beste spelar denne kvelden, medan vingen Miriam Almås også merkte seg ut, med sju mål og god innsats.

Trenar Trond Arnevik var naturlegvis godt fornøgd med innsatsen til damene. Han syntest det var kjekt å overraska motstandarane sine med mykje sterkare motstand enn dei hadde venta. Dei har vunne alle kampane sine i haust, så det var kjekt å få denne kommentaren frå serieleiarane: – Fitjar er det sterkaste laget me har møtt i haust.

Kveldens kamp var alt i alt på plussida for Fitar-damene, og førstkomande søndag har dei ein ny sjanse til poeng. Då møter dei botnlaget Mathopen på bortebane. Terminliste og tabell for 5. divisjon kan du studera her.

Fitjar sitt lag mot Gneist 2 (scoringar i parentes): Lisa Folkedal (k), Kristine Korsvik (k), Charlotte Ayoe Levåg (1), Randi Thorland (9), Miriam Almås (7), Maria Larsen (5), Lillian Gjuvsland, Julie S. Jesen, Ingvild Rimmereid (1), Martine Hareide (1), Vilde R. Kjelling.

Ingressbilete: Så kjekt er det å ha overtaket på serieleiaren, synest Miriam Almås. Foto: Kjetil Rydland.